USA anerkjenner urfolket lumbee

Stammen får no fleire fordelar.

Onsdag 17. desember blei urfolket lumbee anerkjent som ein stamme i USA. Det skriv AP.

USA har 574 stammar som er anerkjente av staten. Det vil seie at dei er godkjente som offisielle urfolk.

Sidan 1980-talet har urfolket lumbee i delstaten Nord-Carolina forsøkt å bli ein del av dei offentlege anerkjente stammane.

NUMMER 575: Dottera til lumbee-medlem Aaron Thomas laga dette smykket for å feire at lumbee blir stamme nummer 575 i USA. Foto: AP Photo/Jacquelyn Martin/NTB

No får stammen fleire fordelar. Dei kan til dømes bruke helsetenester for urfolk, og dei får meir kontroll over økonomien på landområde dei har.

Det betyr mykje for lumbee-folket.

– Vi har vore andrerangs urfolk, men det vil vi aldri vere igjen, og ingen kan ta det frå oss, sa leiaren for stammen John Lowery, ifølge AP.

FEST I NORD-CAROLINA: Fleire medlemmar av stammen samla seg i Nord-Carolina for å feire anerkjenninga. Foto: AP Photo/Allison Joyce/NTB