Fleire er sinte etter at Siv Jensen kledde seg ut

Siv Jensen kledde seg som indianarprinsesse på fest i Finansdepartementet. Dette har fått fleire til å bli rasande.

Enkelte har reagert på at Siv Jensen tok på seg dette kostymet på ein utkledningsfest. Kva synest du? Foto: Skjerm grabb/ Instagram
Enkelte har reagert på at Siv Jensen tok på seg dette kostymet på ein utkledningsfest. Kva synest du? Foto: Skjerm grabb/ Instagram

– Når nokon tek på seg eit kostyme som dette, tenker eg at dei ikkje forstår urbefolkninga sin kultur, sier Kenzie Allen til NRK. Ho er medlem av den amerikanske urbefolkningsstamma Oneida, og meiner folk må huske på at indianarane og andre urforlk har opplevd mykje grusomt i historia.

Droppar indianarkostyme
Siv Jensen kledde seg ut som indianar samstundes som mange amerikanarar diskuterer kostymar til Halloween i USA. Den store butikkjeden Walmart i Canada trakk fredag sine indianarkostyme frå butikkane, melder CBC.

Støttar Jensen
Det er også mange folk som støttar Siv Jensen, og som meiner at folk skal få kle seg ut slik dei vil – utan at nokon treng å bli lei seg.

– Siv Jensen har fått mykje støtte i sosiale medier, og det forstår eg godt. I Noreg er det mange som kler seg ut som indianarar, cowboy og sjørøvar. Me hygger oss, leiker og ler. Det har absolutt ingenting med latterleggjering av minoritetar, urfolk eller andre grupper å gjere. I Noreg er karneval og utkledningsfestar fellesskap. Me senkar skuldrene og har glimt i auga. Dette hysteriet frå USA treng me ikkje i Noreg, seier Jensens statssekretær Petter Kvinge Tvedt til Nettavisen.