Hanukka
Ein jødisk lysfest som varer i åtte dagar. Kvar dag tenner jødar lys til minne om då tempelet i Jerusalem blei tatt i bruk på nytt i år 164 før vår tidsrekning.
Datoane for hanukka varierer frå år til år. I 2025 begynte hanukka 14. desember.
Lysmarkeringa skjedde dagen etter at byen blei ramma av eit terroråtak.
To menn skaut og drap fleire menneske på stranda i Sydney. Menneska var samla for å feire den jødiske høgtida hanukka.
Etter åtaket oppfordra mellom anna den australske statsministeren Anthony Albanese alle om å tenne lys for å vise at dei stod saman mot det fæle som hadde skjedd.
Sydney ligg i delstaten New South Wales. Leiaren for regjeringa der bestemte at det berømte operahuset i byen skulle lyse opp med bilde av ein jødisk lysestake.
«Lysa er eit symbol på motstandskraft og ei påminning om at til og med i mørkret, vel vi å stå saman» skriv leiar for delstatsregjeringa, Chris Minns.






















