Undersøkinga blir gjord kvart år for å finna ut korleis elevar har det på skulen. Årets tal viser at færre elevar opplever mobbing i år samanlikna med dei tre siste åra, både på barneskulen og ungdomsskulen. Det gjeld også elevar som blir mobba digitalt, til dømes via mobil eller nett.
– Det er kjekt å sjå, at etter fleire år med aukande mobbetal, ser me endeleg nedgang på alle trinn, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun til VG.

Ho meiner nedgangen kjem av at mange skular jobbar grundig med å skapa eit godt skulemiljø og førebyggja mobbing.
Likevel framleis eit problem
Tala er framleis høgare enn før koronapandemien, sjølv om det går ned no. Det betyr at det framleis er mange elevar som opplever mobbing.
Utdanningsdirektoratet skriv at sjølv om talet på elevar som blir mobba har gått ned, er det framleis altfor mange som seier dei opplever det. I Elevundersøkinga svarer elevar at dei blir mobba både på skulen, digitalt og av vaksne, og alle desse svara blir talde med i totalen.
Undersøkinga viser også at flest elevar trivst godt på skulen, og trivsel-tala har auka litt på mange trinn.






















