Fuglar får kortare netter av lysforureining

Visste du at gatelys kan få fuglar til å sova nesten ein time mindre kvar natt?

Fuglar er kjende for å stå opp tidleg. Men ein ny studie viser at lysforureining gjer at dei både vaknar tidlegare og legg seg seinare, skriv Smithsonian Magazine. Lysforureining betyr at kunstig lys frå gatelykter og bygningar gjer natta mykje lysare enn den eigentleg er.

Forskarane samla inn over 60 millionar fuglelydar ved hjelp av ein spesiell mikrofon som også bruker kunstig intelligens til å kjenna att fugleartar.

Mistar søvn

Resultatet viste at fuglar i område med mykje lys vaknar i snitt 18 minutt tidlegare og syng 32 minutt lenger på kvelden. Til saman mistar dei nesten 50 minutt med søvn kvar natt.

– For desse fuglane er dagen deira nesten ein time lengre, seier forskar Neil Gilbert til Smithsonian Magazine.​​

Urovekkjande

Lysforureining påverkar spesielt fuglar med store auge, som svarttrostar, kardinalar og gullfinkar.

Forskarane synest det er urovekkjande at lys endrar den naturlege rytmen til fuglane.

– Me vart sjokkerte over funna våre, seier forskar Brent Pease til avisa The Guardian.