Det er den 24. klassa med astronautar som skal trene i to år for å få bli med på reiser rundt i verdsrommet.
Dei ti personane er valde ut frå over 8000 søkjarar rundt om i USA. Søkjarane har mellom anna vore forskarar, pilotar og mekanikarar.
2025 si astronautklasse starta i midten av september. Treninga deira tok til med ein gong, og no skal dei øve seg på å handtere framtidige vanskelege operasjonar relatert til den internasjonale romstasjonen, oppdrag til månen og forbi.
Dei vil lære om robotikk, helsehjelp i verdsrommet, framandspråk og meir, samstundes som dei skal dra på simulert romvandring og fly høgtytande jetfly.