Over 32 600 skuleelevar frå heile landet har delteke i Beintøft i år. Til saman har deltakarane gått jorda rundt over 11 gonger.
– Det er ganske kult å vinna, seier Lilja (9) i vinnarklassen i Stavanger. Klassen har ikkje bestemt heilt kva dei skal bruka premien på, men både Kongeparken og trampolineparken Rush er høgt på ønskelista.
Vil halda fram med å sykla
Alle barna som har vore i Beintøft-aksjonen har spart til saman 62 tonn CO2 på berre tre veker.
Lilja (9), Hanna (9) og Trond (9) ved Roaldsøy skole er klare på at dei vil fortsetja med å sykla og gå til skulen.
– Eg synest det er gøy å sykla, seier Trond. Av og til syklar han utan hendene på styret. Han kan òg stå på sykkelen. Men han passar seg – og alle brukar hjelm.
– Sjølvsagt bruker me hjelm, seier fjerdeklassingane i kor.
Opptatt av miljøet
Saman med alle dei andre klassane som har vore med på Beintøft i år, så har elevane spara utslepp av 62 tonn CO2 på tre veker.
– Det er bra for miljøet, seier Lilja. Ho og dei andre i klassen seier dei er opptatt av å ta vare på miljøet og naturen og ikkje sleppa ut klimagassar.
– Det gir ein god følelse å vera ute. Det er gøy og me får frisk luft, seier Hanna. Ho bur lengst vekke frå skulen i klassen, og har 1,5 kilometer til skulen.
– Det er ganske enkelt å sykla, seier ho.