Donald Trump: – Det er laga ein avtale om TikTok

Tysdag sa USAs president Donald Trump at det er laga ein avtale om at TikTok skal få nye eigarar. 

– Me har ein avtale for TikTok. Me har ei gruppe veldig store selskap som vil kjøpa den, seier Trump til Reuters, som fyrst omtala saka.

Grunnen til at dette skjer, er at USA og Kina har krangla om kven som skal eiga TikTok. Mange politikarar i USA har vore bekymra for at appen er eigd av eit kinesisk firma, fordi dei meiner det kan vera ein tryggleikstrussel for landet.

No jobbar dei med at TikTok skal få amerikanske eigarar, slik at appen kan halda fram med å bli brukt i USA, skriv VG.