Men visste du at mange i Noreg ikkje kan symje? Ifølgje ei undersøking gjort av Redningsselskapet og Norges Svømmeforbund, er det heile 33 prosent som ikkje kan symje.
Og er det eit land som burde kunne symje, så er det oss. Me som har så mykje kyst.
Annleis i kaldt vatn
Eit anna problem er at me stort sett lærer å symje inne i symjehallar. Å symje ute i kald sjø er noko heilt anna, ifølgje Dagmar Dahl. Ho forskar på idrett og symjing, då spesielt i kaldt vatn.

Ho fortel oss at det er lurt at barn trener på å symje ute. Det er først når du har opplevd å få kuldesjokk at du veit korleis du handterer kaldt vatn. Havet i Noreg er kaldt nesten heile året, men likevel trener berre 2 prosent av elevane på å symje ute.
Og kanskje har du sjølv kjent korleis det er å bade i iskaldt vatn – frivillig eller ufrivillig. Då har du nok merka at det er noko heilt anna enn å vere i ein varm symjehall. Kroppen spenner seg, du pustar raskt og gjer raske rørsler. Hendene og føtene kan bli så kalde at det gjer vondt.
– Du må få kontroll over pusten, seier Dagmar.
Ho understreker også at det er ekstra viktig at me som bur i kalde land, trenar på å symje ute.

Ein liten test
Framtida snakkar med Sanna Risa 12 år og Beate Finnestad 13 år, som er ute og badar. Vatnet er kaldt, men ikkje iskaldt.
– Eg lærte å symje i symjehall av storsystera mi, seier Sanna.
– Og eg lærte av faren min, legg Beate til.
Dei har begge gått på symjekurs, så dei har god trening. I tillegg har dei fått teste korleis det er å bade i kaldt vatn om vinteren.
– På ein måte er det lettare å symje inne, fordi det ikkje er så skummelt! seier dei.

Kaldt vatn skremmer dei ikkje. Dei har begge prøvd seg på vinterbading.
– Det var is på sjøen, og det kribla litt i føtene – spesielt då eg kom opp på land, seier Beate.
Men det er først når dei byrjar på ungdomsskulen at dei skal starte med symjetrening ute.
– Då kan me velje om me vil bruke våtdrakt eller ikkje, seier Sanna.
Sidan dei begge bur på ei øy, er det ekstra viktig at dei kan symje. Kort veg til sjøen gjer heldigvis at dei også får trent mykje.
Livredning livet ut
Viss du sjølv har lyst til å teste symjinga di i kaldt vatn, er her nokre viktige råd. Dess betre førebudd du er, dess større sjanse har du for å tenkje klart dersom eit uhell skulle skje:
- Bad aldri åleine.
- Sørg for at ein vaksen har ansvar for dykk.
- Lær å symje.
- Sjekk kvar det er grunt og djupt.
- Følg med på vêr, straumar og bølgjer.
Er det farleg å bade etter at ein har ete?
Har du høyrt at dei vaksne seier at du kan få krampar i kroppen viss du hoppar rett i sjøen etter ein god middag? I så fall kan du ta det heilt med ro – dette stemmer ikkje. Det skjer ingen ekstreme endringar i kroppen sjølv om du er mett, og du er like god til å symje då som elles.