Forskarar meiner me må læra oss å symja ute

Nesten alle som druknar i Noreg, gjer det i elvar eller i havet. Men få elevar har symjeopplæring utandørs. Det meiner forskarar at me må gjera noko med.

Kvart år døyr om lag 100 personar av drukning i Noreg. Dette er fleire enn dei som døyr i trafikken, skriv Ung Forskning.

Det er mykje snakk om kva me kan gjera for å unngå ulykker på vegen, men lite snakk om kva me kan gjera for at færre druknar.

Nesten alle born som lærer å symja, gjer det i eit symjebasseng. Forskarane har funne ut at det nesten er ingen skular som har øvd på symjing ute i naturen.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Må bli meir opptekne av å læra å redda liv

Det synest dei ikkje er godt nok, og har derfor skrive ei bok om det å læra å symja og korleis redda liv.

I boka «Utandørs symjing og livredning», tek forskaren for seg at me er litt for lite opptekne av det som er noko av det viktigaste målet med symjeopplæringa – nemleg å redda liv.

For å læra det, bør me læra å symja både ute og inne.