Fakta om løver
- Land: Afrika og India
- Leveområde: Savanne, ope skoglandskap, steppe, halvørken og fjell
- Føde: Dyr som mellom anna sebra, gnu, antiloper og impalaer
- Vekt: 120 – 250 kilo
- Levealder: 10 – 20 år
- Drektigheitstid: 100 – 119 dagar, ca. 3,5 månader
- Talet på ungar: 1 – 6 ungar
- Status: Sårbar (IUCN Red List)
Det heile gjekk fint for seg, og fleire gjester fekk oppleva det første steget til løveungane ute i området.
– Dei siste dagane har ungane fått møta både far sin Mufasa og andre medlemmer av løveflokken. Introduksjonen har gått fint, og løvemor, Kira, har passa godt på dei små. No har me vurdert det som trygt for ungane å komma ut i området, og det skjedde i dag tidleg. Alt gjekk fint for seg, fortel dyrepassar Trygve R. Torkildsen i ei pressemelding frå Dyreparken i Kristiansand.
Kullet består av to hannar og to hoer. Kvar vegar mellom ca. 6 og 7 kilo. Mora Kira tek godt vare på dei. Slik ho også har gjort med dei to tidlegare kulla sine.
Sjå òg video av løveungane då dei var nyfødde!
Flokkdyr
Løven er det einaste kattedyret som lever i flokk. Ein flokk kan innehalda alt frå to til 40 dyr.
Løvene liker seg på stader der mattilgangen er god. Det kan vera savanne, steppelandskap, halvørken, eller andre stader der det er sebra, gnu og andre byttedyr. Løver et alt han kan fanga og drepa. Viktige byttedyr er gnu, impala, antiloper, bøflar, villhundar, sjiraffar og sebraer.