Sommarens lesekampanje har starta

Det er berre å byrje å sanke XP: Sommarles byrja 1. juni.

2024 slo alle rekordar for Sommarles. Over 170 000 barn deltok over heile landet, og dei las over 2,5 millionar bøker. Biblioteka delte ut over 250 000 premiar.

1. juni starta sommarkampanjen opp att, og han varer til 31. august. Målet er å lese så mykje som mogleg i perioden, og sanke inn XP (experience points) som då aukar levelet ditt.

Introduserer Sherlock Holmes

Illustrasjonsbilete: Shaivya Saraswat / SNUTI

Kvart år lagar Mari Moen Holsve ei eiga forteljing til Sommarles-kampanjen. I år følgjer vi Asbjørn og Astrid på mysterium i Gåterullmysteria.

«Et perfekt påskudd for å dytte Sherlock Holmes inn i årets fortelling», skriv Mari på Instagram-kontoen sin.