Alle delfinar har sin eigen, unike plystrelyd som fungerer som namnet deira. Delfinar kan nemleg kjenne igjen vennar og gamle kjenningar gjennom denne lyden, skriv forsking.no.
I tillegg snakkar dei med barna sine med babyspråk. Dette er plystrelydar som er enda ljosare enn dei vanlege.
Men delfinane plystrar mykje meir enn namnet sitt og babyspråk. Desse andre lydane, kalla ikkje-signaturlydar, har forskarar jobba lenge med å forstå.
No har dei amerikanske forskarane Peter Tyack og Laela Sayigh klart å skilje mellom 20 forskjellige plystrelydar.
Slik kan plystrelydane til delfinar høyrest ut (skru på høgt volum):
Delfinane varslar og åtvarar kvarandre
Funna har dei gjort ved hjelp av mikrofonar og opptakarar som dei festa til delfinar. Ved hjelp av kunstig intelligens klarte dei å skilje lydane på opptaka frå kvarandre.
Forskarane spelte deretter av lydane til andre delfinar, for å sjå korleis dei responderte.
Éin av lydane fekk delfinane til å svømme bort. Derfor rekna forskarane med at denne plystrelyden var eit alarmsignal.
Ein annan plystrelyd resulterte i forundring hos dei andre delfinane, og det kan derfor tyde på at denne lyden varsla om noko uventa.