Vil bruke påfuglar og pytonslangar som støtte på arbeidsplassen

I Storbritannia blir dyr i aukande grad brukt som emosjonell støtte på arbeidsplassen. Dyra kan vere alt frå kattar og kaniner til påfuglar og pytonslangar.

ESA
  • ESA står for “emotional support animals” – omsett til norsk blir det “emosjonell støtte-dyr”. Ein ESA skal verke roande berre ved å vere med eigaren sin.
  • Dyr som blir registrert som ESA i Storbritannia er dyr som er viktige for personar si behandling når det gjeld psykiske lidingar, eller at dei er ei støtte for personar sine skjulte funksjonsnedsetjingar.
  • Desse dyra er skaffa i samråd med psykologar, legar eller andre medisinske fagfolk.

Kjelde: ESA UK

LES FAKTALUKK FAKTA

Sidan 2019 har 11 000 personar registrert at dei har såkalla emosjonell støtte-dyr (ESA). Stadig fleire av eigarane ønskjer å ha med seg dyra på arbeidsplassen, skriv The Guardian.

Det er stor variasjon i dyreartane eigarane ønskjer å ha med jobb. Arbeidsgivarar har fått førespurnader frå arbeidstakarar som vil ha med seg alt frå hundar, kattar og kaninar til minihestar, grisar, esel, pytonslangar, iguanar og rotter.

Kan by på utfordringar

Bela Gor jobbar i BDF, ein organisasjon som jobbar for inkludering av menneske med ulike funksjonsnedsetjingar. Ho jobbar med å rettleie arbeidsgivarar som får førespurnad frå tilsette om å ta med ulike ESA-dyr.

– Uansett kva dyreart ein tilsett ønskjer å ta med på jobb, kan det vere overraskande lett å leggje til rette for å få det til, seier Bela til The Guardian.

Ho fortel at ein samstundes må ta omsyn til andre folk på arbeidsplassen som kan ha problem med bestemte dyr, på grunn av mellom anna allergiar, fobiar eller kulturelle overtydingar.

Kvifor pyton?

RAONDE EFFEKT: Nokre blir rolege og fungerer betre i kvardagen sin ved å ha ein pytonslange i nærleiken. Foto: Pixabay

Årsakene til at nokre vel å skaffe seg ein pytonslange i staden for ein hund som ESA-dyr, kan vere ulike.

– Det kan vere praktisk med ein slange om ein har lite plass eller har allergiar, seier Doug Sanders i ESA, til The Guardian.

Han peiker òg på at reptil kan bidra med spesielle fordelar, som til dømes ein roande effekt ved sensoriske vanskar. Sensoriske vanskar inneber at hjernen tolkar eller opplever sanseinntrykk annleis enn det som er vanleg.