Ny smurferekord i Frankrike

Tenk deg ein heil by full av smurfar. Det skjedde nyleg i Landerneau, ein liten by i Frankrike. Der samla det seg over 3000 menneske – alle kledde som smurfar!

I byen vandra 3000 menneske rundt med blått ansikt, kvite luer og blå klede – akkurat som dei kjende teikneseriefigurane. Både barn, vaksne og besteforeldre var med på moroa. Dei ville slå verdsrekorden for flest menneske i smurfekostyme på same stad. Og dei klarte det!

Den gamle rekorden var frå Tyskland, der 2762 personar kledde seg ut som smurfar i 2019. No er det Landerneau som har rekorden.

Belgisk teiknar

Smurfane vart funne på i 1958 av ein belgisk teiknar som heitte Peyo. Sidan den gongen har dei blå vesle vennene vorte kjende over heile verda – i teikneseriar, filmar og TV-seriar.

Ein av deltakarane sa til nyhendebyrået AFP at dei hadde «smurfa» den gamle rekorden. Det betyr at dei slo han på ekte smurfete vis – med mykje glede og latter!

GIF: Giphy.com