Jorda blir varmare og varmare kvar dag – og isen smeltar og smeltar! Vi må gjere noko no!

Eg heiter Nadya og eg er 12 år. No skal du få høyre mi meining om naturen og klimaet vårt i framtida.

Eg trur at naturen og klimaet vårt i framtida vår kjem til å vere veldig varmt og at det blir mange klimaendringar. Det er fordi det er mange som forureinar og ikkje bryr seg. Men eg håpar at folk kan ta natur og klima meir seriøst.

For eg trur at visst det forsette sånn som no, kjem jorda vår til å bli alt for varm, dyr kjem til å døy ut, me får masse ekstremvêr, jorda vår kjem til å tørke ut og jorda vår kjem til å gå under mykje fortare.

Eg meiner at alle i verda har ansvar for naturen og klimaet i framtida vår, fordi det er eigentleg alle sn jord og alle sin heim.

Viss ikkje alle snart tar ansvar, så blir det konsekvensar for alle saman!

Eg synest det er veldig dumt at vi skal drepe og utrydde uskuldige dyr og planter berre fordi vi menneske ikkje klarer å passe betre på naturen og klimaet vårt. Vi slepp ut altfor masse CO², og mange folk kjøper unødvendige ting, eller bruker unødvendig masse mat og berre kastar den etterpå.

Jorda trenger vår hjelp! Kom bli med og bli ein superhelt!

Lesarbrevet er éin av vinnarane av skrivekonkurransen om håp for framtida. Konkurransen blei arrangert av Framtida junior, Klimafestivalen Junior og Tid for ti-aksjonen til Foreningen Les!