«Beskytt Førdefjorden for framtidige generasjonar!»

Førdefjorden, eit unikt og sårbart økosystem, står i fare for irreversibel skade på grunn av planlagt gruvedumping. Vi må handle no for å beskytte denne verdifulle naturressursen, skriv Clara Kruss Cunha (14) i eit meiningsinnlegg til Framtida Junior.

Dette er eit meiningsinnlegg som gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen. 

Denne praksisen, tillaten av norske myndigheiter, ignorerer både vitskapleg evidens og internasjonale standardar for berekraftig miljøforvalting.

Gruvedumpinga i Førdefjorden er uakseptabel grunna den uopprettelege skaden ho vil påføre eit marint økosystem, Noregs posisjon som eitt av få land som tillèt denne praksisen, og eksistensen av miljøvennlege alternativ.

Uoppretteleg skade på eit unikt maritimt økosystem

Gruvedumping i Førdefjorden representerer ein uoppretteleg trussel mot eit unikt og sårbart marint økosystem.

Førdefjorden er kjent for sitt biologiske mangfald, med eit komplekst nettverk av artar som er avhengige av eit reint og stabilt miljø.

Dumping av gruveavfall vil forstyrre dette økosystemet på ein måte som kan vere umogleg å reversere, med potensielt katastrofale konsekvensar for både flora og fauna.

Eitt av dei få landa som tillèt gruvedumping i sjøen

Noreg, saman med Papua-Ny Guinea, er eitt av dei einaste landa i verda som tillèt dumping av gruveavfall i sjøen. Denne praksisen er i strid med internasjonale miljøstandardar og berekraftig forvalting av marine ressursar.

Medan andre land har stoppa å bruke denne risikable metoden, vel Noreg å ignorere både vitskapleg evidens og internasjonale anbefalingar. Dette set Noreg i eit dårleg ljos internasjonalt og undergrev vårt rykte som ein miljøbevisst nasjon.

Dette får meg til å tenkje på kvifor vi i eit land der det allereie blir gjort så mykje for at klimakampen skal fortsette, tillèt at dette skal skje.

Kvifor skal staten gi løyve til at ein så miljørik og viktig stad blir påverka og øydelagt på denne måten? Det er uakseptabelt og heilt uansvarleg.

Førdefjorden er meir enn ein fantastisk og nydeleg stad. Det er heimen til eit komplisert økosystem, med raudlista og freda artar som blir påverka og døyr av vala staten tek.

Alternative løysingar finst

Det finst alternative løysingar til gruvedumping i sjøen. Til dømes kan landbaserte deponi bli brukt til å handtere gruveavfall på ein sikker og miljøvennleg måte.

Sjølv om desse alternativa kan vere dyrare i starten, er dei langsiktig sett meir berekraftige og reduserer risikoen for irreversibel skade på det marine miljøet. Å velje det billigaste alternativet på kostnad av eit unikt og verdifullt økosystem er både kortsiktig og uansvarleg.

Gruvedumping i Førdefjorden er uakseptabelt. Den trugar eit unikt økosystem, bryt ned internasjonale standardar, og ignorerer miljøvennlege alternativ.

Noregs tillating er uansvarleg og skadar vårt omdømme.

Førestill deg det fantastiske livet i Førdefjorden øydelagt. Er dette prisen vi vil betale? Vi må handle no. Kontakt dine folkevalde, engasjer deg i miljøorganisasjonar og krev at gruvedumpinga blir stoppa. Beskytt Førdefjorden for framtidige generasjonar!