Den store narredagen er her. Men kvifor det?

I dag er det 1. april, betre kjent som aprilsnarr. Men kvar starta eigentleg denne tradisjonen?

Svaret på når 1. april vart ein narredag, er ikkje sikkert, men det er i alle fall lenge sidan.

Heilt tilbake i Romarriket, feira dei at våren kom ved å setje reglar og lover til sides. Dei festa og kasta mjøl og tomatar rundt seg.

Ei forteljing om aprilsnarr, som kan vere grunnen til at 1. april vart narredagen i Europa, utspelar seg i Frankrike, heilt tilbake i 1582. Dette var nemleg året då paven bestemte at kalenderåret skulle starte frå 1. januar, slik vi har det i dag.

Før vi byrja med vår kalender (som vi kallar den gregorianske kalenderen), starta det nye året i påska. Sidan påska flyttar på seg, vart det bestemt at 1. april skulle vere nyttårsdag. Altso, til paven bestemte at nyttår skulle vere 1. januar.

Det var fleire franskmenn som ikkje ville følgje paven sin ordre og ville halde fram med 1. april som nyttårsfeiring. Desse franskmennene vart kalla «narrar» og måtte tåle narrestrekar. Mellom anna fekk dei teikningar av fisk festa bakpå ryggen sin. Ikkje så rart då at Frankrike kallar aprilsnarr for «aprilfisk» (poisson d’avril).