Lars (11) har ved som hobby

Lars Koløen Andersen (11) frå Hogste på Fitjar har sagd og hogd over 100 sekker med ved det siste året.

– Alt er kjekt med ved, seier Lars Koløen Andersen.

Det var 11-åringen sjølv som fekk ideen med å begynna med ved. No er det hobbyen hans, og han bruker ofte å ta seg ein tur for å sanka, saga og hogga ved.

I tunet på garden heime på Hogste står det ein god hoggestabbe i garasjen som er flittig brukt.

Bruk verneutstyr!

– Eg passar meg for øksa. Eg får òg bruka ei lita elektrisk motorsag, men då bruker eg alltid verneutstyr, og så må eg ha med mamma eller pappa, fortel Lars.

Til andre som har lyst til å begynna med ved, har han eit klart råd:

– Bruk verneutstyr!

Tener pengar

Noko av veden går til eige forbruk, men den driftige 11-åringen tener òg pengar på hobbyen.

– Eg sel ved til onkelen min og Besto. Det er kjekt å tena pengar, fortel han.

Bjørk er favorittveden hans.

Lars hjelper òg med å stia i fjosen nesten kvar einaste kveld.

– Eg er glad i dyr, seier han. Og ein gong i framtida, så har han litt lyst til å driva garden vidare, seier Lars.

DYREGLAD: Lars Koløen Andersen (11) er glad i gardshunden Tille. På garden har dei òg katt, høns, ender, sauer, kyr, stutar og bier.