Uventa vinnar i valet på Grønland

Partiet som vil ha gradvis sjølvstende vann valet i Grønland. No må dei forhandle om ei regjering som kan avgjere tempoet for lausriving frå Danmark – medan USA følgjer nøye med.

Det sosialliberale partiet Demokratane (Demokraatit) vann overraskande med 29,9 %, etter å ha hatt berre 9 % av stemmene ved førre val.

– Me forventa ikkje dette resultatet, men me er veldig glade, sa Jens-Frederik Nielsen (33), partileiar for Demokratane ifølgje The Guardian.

Partiet har tidlegare vore mot sjølvstende frå Danmark, men vil no ha ei gradvis lausriving. Som sosialliberalt parti kan dei samanliknast med Venstre i Noreg.

Grønland og naboland. Kart: Store norske leksikon. Lisens: CC BY NC 4.0

Konsekvensar av sjølvstende frå Danmark

Grønland har vore styrt av Danmark i 300 år, men har sidan 2009 hatt høve til å erklære seg heilt sjølvstendig. Øya styrer sin eigen innlandspolitikk, men Danmark kontrollerer utanriks- og forsvarspolitikken.

Fleirtalet av dei 57.000 innbyggarane ønskjer sjølvstende, men det er usemje om tempoet. Grønland får om lag 6,5 milliardar kroner i årleg støtte frå Danmark. Dersom Grønland blir heilt sjølvstendig, fryktar mange at helsevesen og skular kan bli svekka.

Ved sjølvstende mistar Grønland dansk støtte og NATO-tryggleik.

Trump-effekt på valet?

Eit anna heitt tema i valet har vore Donald Trump sine stadige utsegner om at USA vil ha kontroll over Grønland.

– USA treng Grønland for nasjonal tryggleik. På ein eller annan måte skal me få det, sa Trump til Kongressen berre ei veke før valet.

Den strategiske plasseringa og verdifulle mineralressursar gjer Grønland viktig for USA. Valdeltakinga var høgare enn vanleg, og fleire meiner at Trump sine utsegner gjorde at fleire deltok i valet.

Berre 6 % av grønlendarane ønskjer at Grønland skal gå frå Danmark og inn i eit samarbeid med USA. Grønlands leiarar har fleire gongar avvist Trump sine utsegner og gjort det klart at øya ikkje er til sals.