Den første episoden har alt fått over 1,1 millionar sjåarar, og dei andre episodane har også fått store tal på visingar.
Redaksjonssjef i NRK, Randi Helland, seier til NRK.no at det har vore ein enorm respons frå publikum. Mange har uttrykt at dei ikkje kan venta til 21. mars for å sjå neste episode.
Framskundar episodar
Derfor har NRK no bestemt seg for å framskunda dei to siste episodane. Pluss at det i tillegg blir produsert ein ekstra episode.
Episode 4 kjem alt førstkommande fredag, og episode 5 kjem neste fredag. Den siste episoden, som blir ein ekstra finale, er under arbeid og vil bli sendt så snart den er klar.