Rampete Ansu blei lydigare av å vere på tv

På fredag gjekk siste episode av tv-serien «Fra bølle til bestevenn» på NRK. I serien får eigarar med rampete hundar hjelp av ein hundetrenar.

Ein av deltakarane i årets sesong var 13 år gamle Andreas Aasheim frå Sauda og 2,5 år gamle Ansu, som er ein blanding av dansk-svensk gardshund og shih tzu.

– Eg ønskte å bli med i programmet for å hjelpe hunden vår og familien. Det var viktig å forstå kva Ansu sine problem var og finne ut korleis vi kunne løyse dei, fortel Andreas.

Ansu var nemleg ganske bøllete før dei blei med i programmet. Hunden beit, gnaga på veggar og grov store hol for å gøyme alle sokkane han stelte.

Fekk telefon på Gardermoen

Då Andreas fekk vite at han skulle vere med i årets sesong, var han på flyplassen. Han hadde vore i Barcelona og sett fotballaget sitt FC Barcelona tape.

– Å få den telefonen på det tidspunktet var både veldig overraskande og overveldande, seier Andreas.

Noko av det kjekkaste under innspelinga var då han og Ansu fekk til treninga. Andreas likte òg godt å snakke framfor kameraet.

– Det å bli filma heile tida var litt slitsamt, men mest gøy. Når vi har presentasjonar på skulen, pleier eg å bruke film. Det har alltid vore naturleg for meg, fortel han.

Enorm forbetring

No når innspelinga er ferdig, ser han resultat.

– Både eg, Ansu og resten av familien har forbetra seg noko enormt. Ansu har aldri vore betre, seier Andreas.

Men det betyr ikkje at dei slepp unna treninga.

– Me trener framleis kvar dag. Men både eg og Ansu elskar å trene, så då er det lett, seier Andreas.

 

Har du ein rampete familiehund som du treng å få skikk på? Her er Andreas sine topp 3 tips:

  1. Hundar har også dårlege dagar! Ikkje gi deg berre fordi hunden ikkje greier det han skal ein dag eller to.
  2. Ha heller ei for kort økt enn ei for lang! Du vil ikkje få den same effekten om hunden blir veldig sliten etter trening. 10 minutt er meir enn nok.
  3. Bli einig med resten av familien om kva ord og kommandoar de bruker! Hunden blir veldig forvirra om alle bruker ulike ord.