Visste du? 10 fakta om Grønland

Her er 10 ting du kanskje ikkje visste om Grønland.

USAs kommande president Donald Trump har fleire gonger sagt at han har lyst til å kjøpe eller overta Grønland. Grunnen er at øya har ei strategisk plassering, sjeldne mineral og andre naturressursar som Trump vil at USA skal dra nytte av.

Men kor mykje veit du eigentleg om Grønland? Her er 10 ting du kanskje ikkje har høyrt om øya.

1: Jordas største øy

Grønland er ei øy som ligg i Atlanterhavet. Arealet på øya er 2 166 086 kvadratkilometer, noko som gjer henne til den største i verda.

2: Grønland har berre åtte pattedyr

Det er berre åtte artar pattedyr som lever vilt på land på Grønland (i tillegg til menneske).

Desse artane er: hare, polarrev, polarulv, røyskatt, rein, moskusfe, isbjørn og halsbåndlemen. I Noreg er det registrert rundt 90 artar.

Haren er eitt av få pattedyr du kan finne i naturen på Grønland.

3: Dei fleste er inuittar

88 prosent av befolkninga på Grønland er inuittar. Inuittar er urfolk i Alaska, Canada og Grønland, og ordet «inuitt» tyder «folket».

Inuittane har forskjellige språk som er ganske ulike. Dei fleste på Grønland snakkar dialekta vest-grønlandsk. Orda «kajakk», «anorakk» og «iglo» er lånord frå grønlandsk.

Ordet «kajakk» kjem frå grønlandsk. Her ser vi ein inuitt på seljakt med harpun i ein kajakk.

4: Eiga regjering, men dansk konge

Sidan 1979 har Grønland fått lov til å styre seg sjølv, og lage eigne lover og reglar. Men Grønland ligg framleis under makta til kong Fredrik av Danmark.

5: Isen er tjukkare enn Galdhøpiggen

Om lag 81 prosent av arealet på Grønland er dekt av is heile året.

På det meste er isen over 3000 meter tjukk. Toppen av isen er altså høgare enn toppen av Galdhøpiggen, som er på 2469 meter over havet.

Dersom all isen på Grønland hadde smelta, ville havnivået i verda ha stige med 7,4 meter i snitt.

6: Verdas nordlegaste bygd

Bygda Siorapaluk er ein av dei aller nordlegaste stadane i verda kor det bur folk.

I 2020 budde det 43 menneske i Siorapaluk. Bygda har ei kyrkje som også husar skulen og eit lite bibliotek. Det finst ingen legekontor i bygda, men ein lege og ein tannlege kjem innom jamleg.

Det er vanskeleg å komme seg dit. Om sommaren går det båt, men elles på året må ein reise med fly, helikopter eller snøskuter.

7: Norsk rekord

Norske Karen Kyllesø feira 15-årsdagen sin medan ho gjekk på ski over Grønland. Då ho var framme, vart ho den yngste som nokosinne kryssa Grønland.

Karen er no 21 år og vart nyleg den yngste som nokosinne har gått på ski til Sørpolen.

Eirik Raude var den første europearen som utforska Grønland.

8: Grønland er lite grønt

Namnet «Grønland» vart gitt av den norsk-islandske oppdagaren Eirik Raude, som var den første europearen som utforska vestkysten av Grønland.

Namnet «Grønland» skulle truleg lokke folk til å flytte dit, trass i at mesteparten av arealet er dekt av is.

Det grønlandske namnet er Kalaallit Nunaat. Kalaallit er ordet for befolkninga på Grønland, og Nunaat tyder «landet til».

9: Lokal mat

Noko av den tradisjonelle maten på Grønland er kvalskinn og tørka torsk.

Ingen originale tupilakar har blitt funne. Men det er laga mange gjenskapingar i til dømes kvalrosstenner.

10: Skumle figurar

Ein gammal, spirituell skikk på Grønland var å lage monster-figurar av bein, skinn, hår og andre materiale. Desse figurane vart kalla tupilak, og dei skulle ha magisk kraft. Figurane fekk liv gjennom eit ritual. Så vart dei sende på sjøen for å spore opp og hemne seg over ein fiende.