Felix har laga teikneserie om å kjenne seg annleis

Brytaren Felix Baldauf var «tøff» på utsida då han voks opp. No har han gitt ut eii teikneseriebok om korleis han eigentleg hadde det i oppveksten, og håper dette kan hjelpe andre.

Felix Baldauf
  • 30 år frå Kristiansund
  • Brytar for Idrettslaget Braatt
  • Europameister i bryting i 2017
  • Tre gonger nordisk meister i bryting
  • Sju gonger noregsmeister i bryting
BARNDOMSDRAUMAR: Draumen om å bli ein best mogleg brytar gjorde at Felix fekk det betre i oppveksten. Foto: Roar Halten
LES FAKTALUKK FAKTA

– Teikneserieboka «Hodet i klemme» fortel mi historie. Boka startar med å vise at eg som ein ung, usikker gut flytta frå Tyskland til Noreg, fortel Felix til Framtida junior.

Felix er fødd i Tyskland, men då han var no år bestemte familien hans seg for å flytte til den norske byen Kristiansund. 

Samstundes blei ikkje faren til Felix med flyttelasset til Noreg. Igjen var Felix, broren Lukas og mora i eit heilt nytt land. 

Eit rop om hjelp

I Noreg måtte Felix lære seg eit nytt språk og bli vand med ein ny kultur. Han sleit med å finne seg til rette i den nye kvardagen, der han heller ikkje hadde like god råd som andre og ikkje hadde det så bra heime.

Illustrasjon: Julia Lundgren / Cappelen Damm

– Eg følte meg annleis, noko som gjorde at eg fekk eit behov for å bli sett og høyrt av dei rundt seg. Derfor gjorde eg mykje dumt, slik som å svare lærarane stygt, fortel Felix og legg til:

– Denne oppførselen var berre eit rop om hjelp og eit ønskje om å bli sett og høyrt. Det er ofte dei barna som ropar høgast og lagar bråk, som har det verst på innsida. 

Ikkje åleine

Felix trur at utfordringane han opplevde er noko fleire barn og unge kan kjenne seg igjen i. Derfor ville han fortelje historia si i teikneseriebok.

EM-SIGER: Her vann Felix Baldauf EM-gull i 2017. Felix slo kviterussiske Aleksander Hraboviki finalen. Foto: Tommy Skauen / NTB

– Draumen min er at det skal sitte ein ung gut eller jente med boka i handa og tenkje «oj, eg er ikkje åleine om å ha det vanskeleg», seier Felix og fortset:

– Eg håpar boka kan gjere det enklare for barn og unge å snakke med vaksne om utfordringane sine, så dei kan løyse dei saman med andre.

Bryting blei redninga

Etter kvart starta Felix å bryte på fritida. Då fekk han erfare eit fellesskap med dei andre utøvarane, og opplevde at trenaren var ein person han kunne stole på. 

Dermed hadde Felix plutseleg nokon å takle det vanskelege i livet saman med. 

Illustrasjon: Julia Lundgren / Cappelen Damm

– Brytinga skapte eit fellesskap på tvers av kulturar og skilnader. På brytematta fann eg ein stad eg høyrde heime, fortel Felix og legg til:

– Idrett og fritidsaktivitetar kan ta vare på deg, samstundes som det kan vere eit godt miljø der du får gjere noko du brenn for, seier Felix. 

Gjennom boka ønskjer Felix å vise at uansett kva utgangspunkt eit barn har, kan ein få til kva ein vil i livet. Sjølv klarte Felix å bli ein av Noregs beste brytarar.