Her er teikneseriefavorittane til elevbibliotekarane

Elevbibliotekarane på Langeland skule på Stord viser kva seriar med teikneseriebøker dei likar best.

Astrid Aasheim (12)

Hjertestopper-serien av Alice Oseman

– Alt er like bra. Veldig koseleg, spennande og gøy. Det er romantikk, vennskap og modige personar som vågar å vera seg sjølve. Eg har lese heile serien og også novela-bøkene i serien. Eg trur dei passar for ti år og oppover.

Frida Haukereid (10)

Håndbok for superhelter-serien av Elias og Agnes Våhlund

– Bøkene har veldig bra teikningar. Det er veldig gøy, spennande og masse fantasi. Eg trur bøkene passar frå åtte år og oppover.

Diana Amiri (10)

Nordlys-serien av Malin Falch

– Eg har lese alle bøkene. Det er berre gøy, dei har mange bilde, masse fantasi og er spennande. Bøkene passar for nesten alle.

Olav Emile Roseth Carlsen (12)

Amuletten-serien av Kazu Kibuishi

– Her finn du masse fantasi, gode historier og så er det ei veldig bra teikna bok. Boka passar for dei som likar teikneseriar frå ni år og oppover.

Ekstra tips:

  1. Ragnarok
  2. Krypto
  3. Aldri bli forelska
  4. Ti kniver i hjertet
  5. La skogen leve

Les intervju med elevbibliotekarane her!