Norske miljøagentar blei stoppa av politiet på klimatoppmøtet

Rett etter at dette bildet blei tatt, stoppa aserbajdsjansk politi dei norske ungdommane som var med på å halda opp plakaten som førestilte ein amerikansk pengeseddel.

– Politiet kom og sa til oss at me ikkje hadde lov til å demonstrera her. Det er dumt at me ikkje får bruka ytringsfridomen vår, fortel Viljar Olaussen (14), som er med i delegasjonen frå Miljøagentane i Noreg.

Viljar sit i Barnas klimapanel saman med Anna Halten Horn (13) som òg var med på å halda opp plakaten i få minuttar før dei blei stoppa av politiet.

– Me fekk beskjed om at me ikkje hadde tillating til å stå der med plakaten, fortel Anna.

Fekk ikkje dela ut rapport

Barnas klimapanel hadde på førehand fått fleire restriksjonar. Det var til dømes ikkje lov å ta bilde av politiet og ikkje ropa. Dei hadde med seg Barnas klimarapport til klimatoppmøtet, men fekk beskjed om at dei ikkje fekk levera ut rapporten i det svære konferansesenteret til klimatoppmøtet.

– Me gjorde likevel, smiler Viljar Olaussen på videointervjuet med Framtida Junior.

– Det er viktig at barn får betre høve til å ytra seg om klima, seier Anna.

Får kritikk

Klimatoppmøtet i Baku i Aserbajdsjan har fått kritikk for manglande ytringsfridom. Viss du skal halda demonstrasjonar her, så kan du gløyma å ropa slagord, synga, eller nemna spesifikke namn. Det fekk delegatane frå organisasjonen Spire erfara då dei måndag skulle demonstrera saman med andre frå sivilsamfunnet, melder Framtida.no.

– Det er kjempealvorleg at ytringsfridomen blir avgrensa så mykje på klimaforhandlingane, skriv Spire-delegat Cari Anna Korshavn King til Framtida.no.

KLIMATOPPMØTE: Barnas klimapanel er på klimatoppmøtet i Baku i Aserbajdsjan.
Foto: Wanda Nathalie Nordstrøm, Miljøagentane

På botn i ytringsfridom

I fjor var klimatoppmøtet i Dubai, og året før der i Egypt. Alle dei siste tre landa ligg på botn i ytringsfridom i verda, ifølgje The Global Expression Report.

– Det er dumt at dei arrangerer klimatoppmøte stader der det ikkje er ytringsfridom, seier miljøagentane Viljar og Anna.

Til neste år blir klimatoppmøtet arrangert i Belem i Brasil, og ungdommane ser fram til at det skjer i eit land med høg grad av ytringsfridom.

MINISTERMØTE: Anna Halten Horn (14) og resten av Barnas klimapanel i møte med klima- og miljøminister Tore Sandvik.
Foto: Wanda Nathalie Nordstrøm, Miljøagentane

LES OGSÅ: – Vår stemme må òg vera med på klimatoppmøtet