Unik gepardfødsel i Dyreparken

I natt blei det fødd fire gepardungar i Dyreparken i Kristiansand.

Gepard
  • Utbreiing: Afrika og Iran
  • Leveområde: Savanner, busklandskap og halvørken
  • Føde: Antiloper, vortesvin, fuglar og harar
  • Vekt: 21–72 kilo
  • Levealder: 6–12 år
  • Topphastigheit: 112 km/t (verdas raskaste pattedyr)

Kjelde: Dyreparken i Kristiansand

LES FAKTALUKK FAKTA

Geparden Canelle har vore drektig dei siste tre månadane. I går kveld like før klokka 22 kom den første gepardungen.

I løpet av natta kom det tre ungar til. Den siste blei fødd halv 4 på morgonen.

På dette tidspunktet kan ein ikkje seie sikkert om fødselen er ferdig eller om det kjem fleire gepardungar.

NYFØDD: Her ser vi mora og ein av dei nyfødde gepardungane hennar. Foto: Dyreparken

Unikt

Ifølgje Dyreparken er denne graviditeten og fødselen unik.

Canelle fekk nemleg ein alvorleg skade på innsida av eine låret. Dette har gjort at geparden har gjennomgått mykje behandling og fleire narkosar.

– Med hennar spesielle historie bak seg, synest eg det er ekstra fint at ho har blitt mor. Det hadde eg ikkje trudd for eit par år sidan, seier dyrepassar Olav Åsland.

Sjå live-video frå Dyreparken her: