4 inspirerande førebilete som har vore opne om psykisk helse

10. oktober var Verdsdagen for psykisk helse. Her er ei liste over kjende menneske som har gjort verda litt opnare ved å snakke om sine eigne utfordringar.

MOR OG DOTTER: Billie Eilish og mora fortel begge om tøffe ungdomsår i Apple+-dokumentaren The World’s a Little Blurry. Foto: Apple+

Billie Eilish

Superstjerna Billie Eilish (22) har vore open om at ho har slite med angst og depresjon. Utfordringane starta tidleg. Billie opna i Apple TV+-dokumentaren The World’s a Little Blurry opp om sjølvskadinga og sjølvmordstankane ho sleit med som tenåring.

– Når alle andre tenkjer på Billie Eilish som 14-åring tenkjer dei på alle dei gode tinga som skjedde. Men alt eg kan tenkja på er kor ulukkeleg eg var. Kor komplett fortvila og forvirra. Tretten til 16 var ganske røft, minnest Eilish i dokumentaren.

Ho fortel vidare om korleis ho sleit med kroppsbiletet i den same perioden.

 

BROR MENTAL HELSE: Felix Baldauf (til venstre) og kameraten Even Karpuz har starta Bror Mental Helse, for å setja fokus på menn si psykiske helse. Foto: Bror Mental Helse

Felix Baldauf

Brytaren Felix Baldauf (29) har starta konseptet Bror Mental Helse, saman med kameraten Even Karpuz. Målet er å setja fokus på menns mentale helse.

Gjennom prosjektet og føredrag deler han sine erfaringar med å veksa opp med ein alkoholisert forelder, og korleis han sjølv undertrykte kjensler og nytta fest og alkohol for å takla kvardagen.

Etter å ha vorte skadd under meisterskap, kom han heim tomhendt og deprimert, noko han fortel om på Bror Mental Helse:

– Som ein mann utan erfaring med å dela det eg følte, tok einsemda tak i meg, og eg visste ikkje kva eg skulle gjera. Eit samanbrot hjelpte meg med å bestemma meg for å opne opp om fortida mi, korleis eg hadde det og kvifor eg festa og drakk.

OL-VINNAR: Simone Biles fotografert under OL i Paris i 2024 Foto: Andy Miah, Flickr (CC BY-NC 2.0)

Simone Biles

Ein annan verdskjent atlet som har snakka ut om psykisk helse er den amerikanske turnaren Simone Biles.

I 2021 trekte ho seg frå OL i Tokyo for å ta vare på si eiga mentale helse. Biles forklarte at ho opplevde ei sperre der kropp og hovud ikkje lenger kommuniserte når ho skulle gjennomføra vanskelege triks, ein tilstand ho kalla the twisties.

– Det berre kom fram. Du kan ikkje undertrykka traume så mykje lenger, fortalde Biles seinare, som gjekk i terapi og fekk hjelp.

Den unge turnaren var ei av mange som vart utsett for seksuelle overgrep frå den tidlegare landslagslegen Larry Nassar, noko ho har fortalt ope om og vitna om i Kongressen.

Biles har òg vore open om at ho har ADHD og tek medisinar for dette, noko ho understrekar at ikkje er noko å skamma seg over.

FOTBALLSPELAR: Dåverande eliteseriespelar André Sødlund fotografert i 2019. Biletet er teke i pausen i eliteseriekampen i fotball mellom laget hans Odd og Haugesund. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

André Sødlund

Då André Sødlund (27) valde å leggja opp som profesjonell fotballspelar i ein alder av 25 år var han open om at det var på grunn av depresjon og angst, og at dette var noko han skamma seg over.

Sødlund har likevel valt å vera open, i håp om å kunne hjelpa andre. Tidlegare i år heldt han føredrag om opplevingane sine på Wang Toppidrett i Tønsberg, der han i dag jobbar.

Her fortalde han òg om korleis problema til slutt enda i eit sjølvmordsforsøk.

– Dette er ikkje noko eg skammar meg over lenger, fordi at dette er ein konsekvens av det eg har opplevd. Ein konsekvens av utruleg mykje dårlege tankar om meg sjølv, eit hav av press, prestasjonsangst og alt det fører med, sa han til VG.