Dyrebeskyttelsen – ekte heltar!                  

Eg synest det finst mange heltar, men den eg synest er viktigast er Dyrebeskyttelsen. Viss vi ikkje hadde hatt dei, så hadde mange dyr døydd.

Mange dyr blir dumpa og det er ikkje bra.

I jula i fjor, etter me hadde gått heim på litlejulaftan, fann me ein liten katteunge som hadde blitt dumpa då nokon skulle på ferie.

Me kalla han Matus. Me tok han med heim og gav han skive med leverpostei. Han var kjempesvolten og han likte å kosa. Han sov hos oss den natta.

Dagen etter, på julaftan, gjekk me ned til nokon som budde i nærleiken som var i Dyrebeskyttelsen, og av dei fekk me kattesand og kattemat.

På første juledag måtte me gje katten, som me hadde funne, til ein fosterheim for dyr. Det viste seg at han hadde ein sjukdom.

Etter jula skjønte eg kor viktig dyra er. Dette er berre eitt av mange eksempel der Dyrebeskyttelsen har hjelpt dyr.

Eg synest at dei er ekte heltar, fordi dei reddar mange dyreliv. Eg meiner at dyra er like viktige som menneske, fordi alle liv er like mykje verdt.

Dyrebeskyttelsen bidreg til å ta vare på liva på jorda som igjen bidreg til mangfald i naturen.