I steinalderen var det ingen skular – men dette måtte alle barn læra

Framtida Junior har snakka med arkeolog og forfattar Eirin Holberg om korleis det var for barna å gå på skule i steinalderen.

I steinalderen var det ingen eigne bygningar for skule.

– Folk budde saman i små grupper, og ungane lærte det dei skulle heime. Dei var med i alle aktivitetar i og rundt heimen. Dei laga alle klede sjølv, dei lærte å sy, skaffa all mat, gå på jakt, samla skjell og fiska. Dei lærte å laga verktøy som for eksempel knivar laga av flint.

NY BOK: Eirin Holberg har skrive bok om steinalderen. Foto: Bokomslag / Samlaget

Steinaldermenneska hadde skinnskraper som dei skrapte slakta dyr sine skinn med.

– Det er ikkje slik at folk gjekk rundt med eit lite skinnklede rundt livet. Dei hadde avanserte klede og alt var i skinn, fortel arkeolog og forfattar Eirin Holberg.

Saman med illustratør Åshild Irgens har ho laga boka «Steinalderen: 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong».

Korleis lærte dei noko utan bøker?  

– Dei lærte nok mykje av forteljingar, soger og historiar om gudar som blei fortalt vidare. Det å laga historiar og songar gjer det lettare å hugsa ting, seier Eirin.