Bluss er eit lys du kan signalisere med, for eksempel når du er i nød og treng hjelp. Bluss skal eigentleg berre brukast i nødsituasjonar. Likevel har det blitt brukt under fotballkampar.
For å gjere bruken av bluss på stadion trygg søkte Noregs fotballforbund (NFF), Norsk Toppfotball (NTF) og Toppfotball Kvinner (TFK) om bluss kan brukast under fotballkampar. Regjeringa har no sagt ja til eit prøveprosjekt i sesongane 2024 og 2025.
– Bruk av bluss er ein del av supporterkulturen i Noreg. Det skapar ei fin stemning og ramme rundt fotballkampar, dersom det blir brukt på ein trygg og forsvarleg måte, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) i ei pressemelding.
Det er ikkje kven som helst som kan bruke bluss under fotballkampar. Supporterar som får bruke bluss, må mellom anna ha opplæring først og vere over 18 år.