Mbappé ber unge stemme i valet i Frankrike

– Kvar stemme tel, seier fotballstjerna.

Ein lengre versjon av denne saka var først publisert på Framtida.no.

– Eg veit at mange unge tenker at éi stemme ikkje endrar på noko, men tvert i mot, kvar stemme tel.

Det sa den franske fotballstjerna Kylian Mbappé (25) på ein pressekonferanse før det franske landslaget sin første kamp i EM. Det skriv den franske avisa Le Parisien.

FRANKRIKE: Kylian Mbappé kjempar for landet sitt både på og av bana. Her må ein blodig Mbappé gå av bana med knekt nase under måndagens kamp mot Austerrike. Foto: AP Photo/Martin Meissner

Fransk val

Under EU-valet fekk eit fransk parti som vil ha færre innvandrarar inn i Frankrike flest stemmer.

No har den franske presidenten Emmanuel Macron bestemt at Frankrike skal ha eit nytt val i landet i sommar.

30. juni og 7. juli skal innbyggjarane i Frankrike stemme.

Mbappé trur valet er eit avgjerande augeblikk i landets historie. 25-åringen vender seg spesielt til dei unge, som han meiner er ein generasjon som kan gjere ein forskjell.

Fotballstjerna seier ikkje noko om kva parti han støttar, men vil ikkje at ekstreme politikarar skal få makt.

MANGFALD: Det franske landslaget består av spelarar med ulik bakgrunn. Partiet Nasjonal samling, som kan få den franske statsministeren etter valet, er imot innvandring. Foto: AP Photo/Andreea Alexandru

Politikk og fotball

– Ein seier at ein ikkje skal blande politikk og fotball, og eg er samd når det gjeld småting, men ikkje i denne situasjonen, sa Mbappé.

Mbappé er ung, har fleirkulturell bakgrunn og har vakse opp i ein forstad til Paris. Han representerer ei gruppe som sjeldnare stemmer ved politiske val.

Valforskar Johannes Bergh trur ikkje fotballstjerna kan endra valresultatet, men seier til Framtida at Mbappé er ein person mange lyttar til.

– Det kan ha effekt på nokre veljarar som kanskje var usikre på om dei skulle stemme, eller som ikkje har tenkt så mykje på det.