Ann (12) bur på ei øy turistar kallar paradis

Ann Pralomram bur på øya Koh Chang i Thailand.

Ann Pralomram

Alder: 12 år
Bur: i Kai Bae på øya Koh Chang i Thailand
Familie: mamma Pianthong, søster Pam (19) og brørne Oan (16) og Am (24)
Favorittmat: Pad Kra Pao (svin med basilikum, chili, steikt egg og ris)
Favorittfag: teikning
Favorittmusikk: thailandske og engelske kjærleikssongar
Favorittfilmar: animasjons- og teiknefilmar

LES FAKTALUKK FAKTA

Det er sein ettermiddag i den vesle byen Kai Bae på øya Koh Chang i Thailand. Ann står i kjøkkenet på ein av byens mange restaurantar og vaskar tallerkenar. Ved sidan av står mamma Pianthong og lagar mat på ein stor gasskomfyr. Utanfor slår turistar seg ned på restauranten for å ete middag.

– Dei fleste gjestene er utanlandske turistar. Det er mamma sin restaurant, så eg pleier å hjelpe til med å vaske og ta betalt av gjestene. Det er bra å arbeide her. Eg treng jo aldri kjøpe eigen mat, ler Ann.

HJELPER TIL: Ann pleier å hjelpe mamma på restauranten etter skuletid. Foto: Bengt Sigvardsson

Ho går i sjuande klasse og arbeider berre på restauranten av og til, til dømes i feriar, helger eller etter skulen. Då treffer ho barn frå heile verda, dei fleste frå Europa, som er på Koh Chang for å bade, sole seg og ha det gøy.

– Eg er ikkje det minste misunneleg på dei, men dei er kanskje misunnelege på meg fordi eg bur her året rundt. Dei er jo berre her i ei veke, seier Ann.

Årleg reiser 27 til 40 millionar turistar, av dei cirka 100.000 nordmenn, til Thailand. Koh Chang er den tredje største øya i landet. Øya har berre 8.500 innbyggjarar, men blir besøkt av over ein million turistar kvart år. Øya blir ofte beskrive som eit paradis.

– Eg veit ikkje om eg bur i eit paradis, men eg forstår kvifor turistar kjem hit. Her finst alt. Vi har sol, hav, strender, fjell, skogar, fossar og mange restaurantar, seier Ann.

Nesten alle på øya jobbar med turisme

Annakvart hus på øya er hotell. Gatene består av restaurantar, suvenirbutikkar og andre butikkar som retter seg mot turistar.

– Det ville vere dumt for alle på øya om det ikkje kom nokre turistar. Nesten alle arbeider med noko som har med turisme å gjere. Tanta mi har til dømes eit hotell på andre sida av gata. Utan turistar ville vi ikkje hatt arbeid, pengar eller mat, seier Ann.

SLEKTSTREFF PÅ RESTAURANTEN: Frå venstre till høgre: tante Lek, Ann, søskenbarnet Titel (5) og mamma Pianthong. Foto: Bengt Sigvardsson

Under koronapandemien kom det ingen turistar til Koh Chang. Restauranten hadde nesten ingen gjester. Under denne periode døydde òg far til Ann i ei trafikkulykke. Det var ei fæl tid som Ann ikkje vil snakke om.

No har turistane komme tilbake. Nokre bur på hotell som har eigne strender. Der får berre hotellgjester gå.

– Eg meiner det er bra at det finst nokre private strender slik at folk får vere i fred der. Det er jo mange andre strender på øya der alle kan sole seg og bade, seier Ann.

På ein del restaurantar ser ein nesten berre utanlandske turistar. Berre personalet er thailendarar.

– Det handlar ikkje om at restaurantane berre er meint for turistar. Eigarane kjem kanskje frå Bangkok, og folk som bur på øya går oftast berre til slektninganes sine restaurantar eller butikkar. Turistar pleier gå ulike stader kvar dag, seier Ann.

Har aldri blitt venn med barn som er på ferie

Ho har nesten berre godt å seie om turismen.

– Men det er ein del turistar som oppfører seg dårleg. Dei skrik, drikk og bruker stygge ord, men dei fleste oppfører seg bra, seier Ann.

Det kjem flest turistar til øya frå november til februar. Då er restauranten nesten alltid full.

– Sjølv om mange barn kjem hit på ferie, så har eg aldri blitt venn med nokon av dei, men av og til leikar eg med småbarn på restauranten, seier Ann.

Det er vanskeleg å bli venn med barn som berre er på øya ei kort tid. Dessutan snakkar ikkje Ann mykje engelsk, men ho lærer det på skulen. Skuledagane er sju til åtte timar lange. Til gjengjeld får ikkje barna mykje lekser. På fritida pleier Ann å spele fotball med vennene sine eller spele mobilspel.

PÅ FRITIDA; Ann elskar å spele mobilspel, til og med når ho er på stranda. Foto: Bengt Sigvardsson

– Men eg liker òg å bade og å gå på stranda. Og så pleier eg å gå i skogen med tanta mi, seier ho.

70 prosent av øya er dekt av regnskog.

– Det finst mange dyr i skogen, mellom anna aper, fuglar og slangar. Eg er redd for slangar. Ein del er farlege, og eg spring alltid om eg ser ein, seier ho.

Veit ikkje om ho kjem til å bu på øya som vaksen

Ann bur i eit hus med mor si og trivst på Koh Chang. Men ho meiner at det blir litt vel varmt frå mars til mai. Då ligg temperaturen på rundt 40 grader.

– Og då regner det nesten aldri. Av og til tar vatnet slutt i huset vårt, og eg kan ikkje dusje på fleire dagar. Det liker eg ikkje, seier ho.

Det går ferjer mellom øya og fastlandet. Reisa tar 30 minuttar.

– Men det kostar pengar å ta ferja og det irriterer meg. Derfor drar eg sjeldan til fastlandet, seier Ann.

KAI BAE: Ann i Kai Bae med mamma Pianthong (lengst till venstre) og tanta Lek. Foto: Bengt Sigvardsson

Kvart år reiser ho med familien på ferie til nord i Thailand der ho har slektningar.

– Når eg blir eldre, vil eg reise til andre land. Draumen min er å besøke Sør-Korea. Det verkar å vere eit kult land, seier ho.

Ann veit ikkje om ho kjem til å bu på øya når ho blir vaksen.

– Eg vil bli webdesignar i framtida. Men kanskje eg òg kjem til å arbeide på restauranten vår. Eg kan jo gjere begge deler, seier Ann.