For få norske egg

Nortura, ein av Noregs største matprodusentar, trur det kan bli ein liten mangel på norske egg i butikkane ut året.

Det blir nemleg produsert for få egg i Noreg, skriv NRK. 

– I eit forsøk på å rekruttera fleire har Nortura auka prisen me betaler for egga til produsentane våre, seier kommunikasjonsrådgjevar Matilda Aronsson i Nortura i ei pressemelding.

Nortura importerer no egg frå andre land for å ha nok egg i butikkane.