Dette må du gjera – og ikkje gjera, når det lynar og tordnar

Dette er tipsa du må kjenne til, dersom du er ein plass der det lynar og tordnar i sommar.

Sommaren er høgsesong for lyn og torden i Noreg. Plutseleg kan ein dag fylt av sol og varme, snu om eit kraftig uvêr.

Då kan det vera greitt å vita kva du skal vera obs på viss uvêret nærmar seg der du er.

GIF: giphy.com

Tips når det lynar

SINTEF som er eit av Europas største uavhengige forskingsinstitutt, ramsar opp følgjande som greitt å vita om når det lynar ute:

  • Ikkje bad når det lynar. Når lynet treff vatn, blir straumen fordelt på fleire tusen ampere i vatnet. Du bør heller ikkje bada i badekar, sidan eit lynnedslag kan påverka  vatnet i huset.
  • Du er trygg i bilen. Bilen er ein trygg stad fordi den vil fungera som «skjold» mot lynnedslag. Eit hus har til dels den same effekten, men det er betre å vera i eit betongbygg enn eit trehus.
  • Elektriske apparat kan bli øydelagt. Sjølv om lynet ikkje slår ned i huset ditt, kan eit lynnedslag i det overordna straumnett føra til at elektriske apparat blir øydelagt. Derfor kan det vera lurt å dra ut støypselet av for eksempelvis TV-en.
  • Ikkje søk ly under store tre. Det er større risiko for at lynet slår ned i store ting i landskapet, som mellom anna eit tre eller ein høg bygning.
  • Det er ein fordel å vera våt. Vatnet vil gjera at eit lynnedslag følgjer fukta utanpå deg i staden for å gå inn i kroppen, noko som vil redusera skadane om du blir truffen.
  • Hald deg vekke frå opne sletter, golfspeling og dropp paraplyen. Ei golfkølle i metall har litt større risiko for å bli treft av lynet. Det same gjelder paraplyen.
  • Når du er på fjelltur. Søk ly om mogleg, og trekk ned frå toppen.
  • Når du er på båttur. Om ein kan komma seg til land, må ein gjera det. Om du er utpå havet, prøv å unngå å stikka deg ut. Ikkje heng i masta og unngå å henga over rekka. Legg deg ned i båten, eller gå ned i kabinen.

Visste du at?

  • 1,4 milliardar lynnedslag treffer jordoverflata kvart einaste år. Sentral-Afrika er spesielt utsett.
  • Eit tradisjonelt lyn oppstår når hagl og iskrystallar blir gnidd mot kvarandre i ei tordensky.
  • Det mest langvarige lynet, vara i 16,7 sekund. Det var observert i Argentina i 2019.
  • Det lengste registrerte lynet mellom to skyer, er målt til 709 kilometer.
  • Stigande temperaturar gjer tordenvêr meir vanleg. Prosentvis stig talet på lynnedslag mest heilt i nord.

Kjelde: Illustrert Vitenskap