Den 6. august 1945 slapp USA ei atombombe over byen Hiroshima i Japan. Mesteparten av byen blei øydelagt og 70 000 menneske blei drepne med ein gong.
Etter eksplosjonen reiste ein britisk soldat til byen med nødhjelp. Då fann han ei klokke.
Klokka var delvis smelta, og viste klokkeslettet 08:15. Det var tidspunktet atombomba eksploderte.
Førre veke blei klokka seld på auksjon i Boston, USA, skriv VG. Den som kjøpte klokka, betalte 31 113 amerikanske dollar. Det er om lag 325 000 norske kroner.