Borna som forsvann frå asylmottak

Sidan 2015 har over 400 born forsvunne frå norske asylmottak. Ingen veit kor dei blir av.

NRK har funne ut at over 400 born som flykta til Noreg for å søke asyl, har forsvunne sporlaust sidan 2015.

Noreg har fått kritikk frå FN for at så mange born blir borte. Ingen veit nøyaktig kvifor borna forsvinn eller kor dei blir av, men forklaringa Noreg har gitt til FN er at mange forsvinn etter at dei har fått avslag på asylsøknadene sine. Truleg reiser dei då til andre land i Europa for å søke asyl andre stader. 

Feil i systemet

Men det er ikkje godt nok, meiner Sanja Adjulovic. Ho jobbar i Norsk organisasjon for flyktninger og asylsøkere (NOAS). Ho meiner Noreg burde ta større ansvar for å ta godt vare på desse borna.

Sanja Adjulovic er fungerande generalsekretær i NOAS. Foto: NOAS

– Systemet er ikkje godt nok til å ta vare på born som kjem åleine for å søke asyl i Noreg, seier ho. 

Sjølv om ein trur at mange av borna reiser bort frivillig fordi dei har fått avslag på asylsøknaden, meiner ho at vi likevel må gå ut frå at ein del av dei blir utsett for lovbrot. Kanskje så mange som 10 prosent.

Ein kan tenke seg at desse borna vert utsette for menneskehandel eller andre kriminelle handlingar.

– 40 born! Tenk om det var 40 norske born som vart utsatt for grove utnyttingar. Vi ser veldig alvorleg på dette, seier ho.

Og sjølv om eit born reiser vidare frivillig, kan ein ikkje vite kva som skjer med dei, seier Sanja. Vi kan ikkje vite korleis det går med dei, kva folk dei møter på, og om dei får moglegheit til å søke asyl i eit anna land.

Burde gjere meir

I 2015 bestemte politikarane på Stortinget at ein skal prøve å finne kvart einaste born som forsvinn frå eit asylmottak.

Det er politiet som jobbar med å spore opp borna. Etter at media har retta søkelys på saka, har politiet endra på rutinene sine. Men likevel blir det ikkje gjort noko stor innsats for å finne dei forsvunne barna, har NRK vist.

– Desse forsvinningane vert openbert ikkje handterte raskt nok, seier Sanja.

Ho meiner også at asylborna bør få raskare behandling. Ofte kan det gå eit år før dei får eit såkalla asylintervju, som vil avgjere om dei får bli i Noreg eller ikkje. 

– Det er ikkje sett av nok ressursar til desse borna, som er sårbare i utgangspunktet. Då er det større fare for at dei vert utsette for lovbrot, seier Sanja.


Denne saka er ein del av det prosjektet «Ein menneskerett – FNs verdserklæring om menneskerettane 75 år». Prosjektet er gjennomført saman med Framtida med støtte frå Fritt Ord.