Kapp Verde har utrydda malaria

Kapp Verde er det fjerde landet i Afrika som har klart å fjerne den dødelege myggsjukdommen.

Malaria er ein myggsjukdom som tok livet av 608 000 menneske i verda i 2022. No har det afrikanske landet Kapp Verde blitt det fjerde i Afrika til å fjerne sjukdommen heilt, skriv The Guardian.

Det har ikkje vore nokon i Kapp Verde som har fått malaria sidan 2017. Landet har gitt gratis behandling, testa alle som har komme til landet og overvaka stader myggen liker seg i løpet av året.

Dei tre andre landa som også ikkje har noko malaria i Afrika, er Algerie, Marokko og Mauritius.