Skal stoppa fleire tusen tonn klede frå å hamna på bålet

Eit nytt EU-forbod skal hindra at klede som ikkje vert selt i butikkane blir brent.

Kvart år blir fleire tonn heilt nye klede og sko sendt til forbrenning, sjølv om det ikkje er noko feil med dei. EU-kommisjonen vedtok nyleg eit forbod mot å øydeleggja nye tekstilar og sko.

Stopp kjøp og kast

– Det er på tide å stansa “kjøp og kast”-modellen som skader planeten vår, helsa vår og økonomien, seier Alessandra Moretti, medlem av Europaparlamentet, i samband med presentasjonen av det nye vedtaket. Det skriv Verdens Beste Nyheter.

Store verksemder har to år på seg til å leva opp til forbodet, medan mellomstore verksemder har seks år.

Det er framleis uvisst kva som kjem til å skje med dei uselde kleda etter at forbodet kjem på plass.