FN meiner smarttelefonar bør bannlysast frå skular

Smarttelefonar går ut over læring og bidreg til nettmobbing, slår Unesco fast.

Unesco har sleppt ein stor rapport som tek opp teknologi i utdanning. Unesco er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon (United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization).

Der tek organisasjonen til orde for å bannlyse smarttelefonar på skulane.

Rapporten viser til at smarttelefonar verkar forstyrrande på elevane. Varslingar eller berre nærværet av ein mobiltelefon kan trekke merksemda vekk frå undervisinga. Ein studie viser at det kan ta inntil 20 minutt å rette fokuset tilbake til det eleven heldt på med å lære, etter å ha blitt distrahert.

Unesco skriv at fleire land – mellom anna Spania og Storbritannia – allereie har bannlyst smarttelefonar eller annan teknologi i skular. Det har ført til betre akademiske resultat, særleg for elevar med dårlege prestasjonar.

– Teknologien bør tene folk, og teknologi i undervising bør sette lærande og lærarar i sentrum, står det i rapporten.

Ein analyse i USA av born mellom 2 og 17 viser at høg skjermtid er assosiert med dårlegare sjølvkontroll og emosjonell stabilitet, og mindre nysgjerrigheit.

Rapporten trekker også fram at det digitale miljøet byr på farar som nettmobbing, skadeleg innhald og avhengigheit.

Denne artikkelen blei først publisert på Framtida.no, som er Framtida Junior si søsteravis.