Amalie (15) skulle gjerne lært meir om menneskerettar på skulen

FNs verdserklæring om menneskerettar vart vedteke for 75 år sidan i år. Amalie Gresseth (15) meiner ein bør forklara kvifor noko er brot på menneskerettane, når ein hevdar det.

 Når eg les menneskerettane innser eg kor mykje som er eit menneskerettsbrot, og kor mange land som bryt dei. Eg ser kor viktige dei er for at folk skal leva frie liv og leva slik dei har lyst til.

Det seier Amalie Gresseth (15) frå Trondheim. Ho starta som rådgjevar i URO (Ungdommens rettighetsorgan) i Plan International Norge allereie som 13-åring.

Ho hadde lyst å gjera ein forskjell for andre, noko ho freistar å gjera ved å påverka politikken.

FNs verdserklæring om menneskerettar

  • FNs verdserklæring om menneskerettar vart vedteke av FN si generalforsamling i Paris 10. desember 1948.

Lesarinnlegg og sosiale medium

URO har kampanjar knytt til barn sine kår i verda, og Amalie Gresseth deltek på møte både fysisk og digitalt. I tillegg jobbar ho med sosiale medium og skriv lesarinnlegg.

Slik brukar ho ytringsfridomen sin.

– Det gjer kanskje ikkje så stor forskjell der og då, men eg kan vera med å læra folk og informera om kva som skjer andre stader.

Ho har lært om menneskerettane på skulen, men meiner det er eit tema ein ikkje går i djupna i.

– Det er sikkert fordi me i Noreg i liten grad ser menneskerettsbrot, trur Gresseth.

Amalie Gresseth engasjerer seg for barn internasjonalt som URO-ambassadør. Foto: Plan International Norge

Ho har lært meir om berekraftsmåla til FN og barnekonvensjonen, som byggjer på menneskerettane.

Historiske rettar

10. desember 1948 vedtok FN si generalforsamling verdserklæringa om menneskerettar.

Det er eit dokument som slår fast 30 heilt grunnleggjande rettar absolutt alle menneske har, uansett kven dei er.

USA sin representant i utkastkomiteen, presidentfrua Eleanor Roosevelt, held eit ferdig eksemplar av Verdserklæring om menneskerettar. Foto: UN Photo.

Ideen om grunnleggjande rettar, som ikkje er knytt til lovene i eit land, har ikkje alltid eksistert. Etter andre verdskrig, då den tyske staten systematisk drap jødar og andre folk, kom nasjonar saman og bestemte at dei trengde noko som overstyrte det eit enkelt land bestemmer seg for å gjera.

Dei 30 menneskerettane som FN bestemte seg for byggjer på at alle menneske er født frie, med same verdi, og at vi har eit samvit som gjer at vi kan handla rett mot kvarandre. 75 år etter menneskerettane vart vedtekne, blir dei framleis brukt i arbeidet for å sørgja for at folk får det betre.

Kva paragraf?

Amalie Gresseth peikar på at vindmøllene på Fosen, som Høgsterett har slått fast at bryt med samane sin rett til å utøva kulturen sin, er eit menneskerettsbrot.

– Ein forventar ikkje at Noreg er eit land som bryt menneskerettane.

Ho meiner at menneskerettane kan vera litt vanskelege å både finna og forstå.

– Om ein går ut og seier at «dette er eit menneskerettsbrot» kan ein kanskje gå litt inn på paragrafane og forklara kvifor og kva det inneber. Ein skjønar at det er alvorleg, men kanskje ikkje kor alvorleg.

Viktige rettar

– Det skjer jo menneskerettsbrot heile tida, som me kanskje ikkje får med oss, seier Gresseth.

Ho peikar på Qatar, som har fått kritikk for slavearbeid, noko som strir mot artikkel 4: «Ingen skal haldast i slaveri eller trældom. Slaveri og slavehandel av alle slag er forbode.»

– Det er viktig at ein skjønar at eit menneskerettsbrot er alvorleg, men ein bør òg vita kvifor menneskerettane er laga. Mange hadde hatt mindre rettar i dag, om det ikkje var for at dei var laga.

Denne saka er ein del av det prosjektet «Ein menneskerett – FNs verdserklæring om menneskerettane 75 år». Prosjektet er gjennomført saman med Framtida.no med støtte frå Fritt Ord.