Færre tvangsekteskap i Noreg

Det er vanskeleg å vite nøyaktig kor mange tvangsekteskap som skjer i Noreg. Men den kunnskapen vi har, tyder på at talet har gått ned.

FNs verdserklæring om menneskerettar: Artikkel 16

1. Vaksne menn og kvinner har rett til å gifte seg og skipe familie utan avgrensing av noko slag på grunn av rase, nasjonalitet eller religion. Dei har krav på dei same rettane når det gjeld ekteskapet, både så lenge ekteskapet varer og medan det blir løyst opp.
2. Ekteskapet må berre kome i stand etter fritt og fullt samtykke frå begge partar.
3. Familien er den naturlege og grunnleggjande eininga i samfunnet og har krav på at staten og samfunnet vernar om det.

FNs verdserklæring om menneskerettar vart vedteke av FN si generalforsamling i Paris 10. desember 1948.

LES FAKTALUKK FAKTA

I Noreg vart det i fjor meldt frå om nesten 100 tvangsekteskap som var inngåtte eller mistenkte.

Menneskerettane seier at alle har rett til å velge kven dei vil gifte seg med. Ein kan ikkje tvinge nokon til å gifte seg, og ting som religion og nasjonalitet skal ikkje avgrense kven som får gifte seg.

I Noreg er tvangsekteskap og barneekteskap forbode, medan i fattige land er det vanlegare at jenter vert gifta bort mot sin vilje. Likevel skjer tvangsekteskap også i Noreg.

Fleire under kriser

Moira K. Eknes er seniorrådgivar for velgjerdsorganisasjonen Care. Ho skriv på e-post at det er ulike grunnar til barneekteskap i forskjellige kulturar. Men det er vanleg at dei skjer fordi ulike familiar ønsker å knyte band, eller at det har å gjere med makt og pengar.

– Vi ser ofte at talet på tvangsekteskap aukar i krisesituasjonar, som ein måte å få færre munnar å mette på. Det er også ein måte å sikre æra til familien, ved å hindre at unge jenter vert gravide utanfor ekteskap, skriv ho.

Eknes fortel at det viktigaste ein kan gjere for å unngå tvangs- og barneekteskap er å opplyse om rettane til born og kvinner, få betre utdanning, styrke økonomiske moglegheiter, rapportere til myndigheiter, og sikre at det finst ressurspersonar i lokalmiljøet som kan gi råd til menneske som kjenner seg utsette for press.

99 meldingar

I Noreg er det forbode med barneekteskap. Men nokre vert likevel pressa til å gifte seg med nokon dei ikkje har valt sjølve.

Noreg har ei spesiell kompetansegruppe som jobbar med tvangsekteskap, kjønnslemlesting og andre typar vald som er knytt til såkalla æreskultur. Her sit mellom anna folk frå politiet, og ansatte i staten som jobbar med born, familiar, innvandring og helse.

Denne gruppa fekk i fjor 99 meldingar om tvangsekteskap som var gjennomførte eller mistenkte i Noreg.

Sjølv om dette er for høge tal, er det likevel gode nyheiter: Tala har gått ned frå totalt 148 i 2021.

Kompetansegruppa understreker vel å merke at det er vanskeleg å vite kva dei faktiske tala er. I rapporten står det:

– Det er høg terskel for å be om hjelp og seie ifrå om eit tvangsekteskap […] Mange fryktar at dei ved å be om hjelp risikerer at foreldra eller familiemedlemmer vert straffeforfølgde.

 


Fakta: Æreskultur

Æreskultur finst i grupper der det er knytt sterke kjensler rundt si eiga ære, eller æra til familie, slekt og andre allierte. Nokre gonger kan det føre til vald og undertrykking. Einskildpersonar sine ønske og behov blir ofte skyvde bort.

Tvangsekteskap kan skje i Noreg viss familien legg sterkt press på kven ein skal gifte seg med, og brukar sterkt press, tvang eller overtaling for å gjennomføre eit ekteskap. Den som vert utsett kan vere redd for å skuffe eller miste familien sin viss dei seier nei.


Denne saka er ein del av det prosjektet «Ein menneskerett – FNs verdserklæring om menneskerettane 75 år». Prosjektet er gjennomført i samband med Framtida med støtte frå Fritt Ord.