Den norske kyrkja: – Det er ikkje rett å tvinge nokon til å konfirmere seg

Frå du er 15 år kan du fritt velje religiøs ståstad. Bør ein få velje før?

FNs verdserklæring om menneskerettar – Artikkel 18

«Alle har rett til tankefridom, samvitsfridom og religionsfridom. Denne retten gjeld fridom til å endre religion eller tru, og fridom til å målbere sin eigen religion eller si eiga truslære i gjerning og framferd, anten åleine eller saman med andre, offentleg eller privat.»

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg har fleire venner som ikkje vågar å melde seg ut eller byte livssyn, fordi dei er redde for kva foreldra meiner. I prinsippet har dei religionsfridom, men det følast vanskeleg fordi familien har sterk tilknyting til trua.

Maja Solerød (19) er politisk nestleiar i ungdomsorganisasjonen Humanistisk Ungdom, og meiner det er viktig at unge får vite kva religion dei eventuelt er medlem av når dei blir 15 år.

Ho håpar at foreldre opnar for dialog om religion når ein er yngre også.

Born må ikkje tvingast

I Human-Etisk Forbund kan ein ikkje bli medlem før ein er 15 år. Unge må difor aktivt velje å melde seg inn sjølv, foreldra kan ikkje gjere det for dei.

– Det synest eg er veldig bra, seier Maja.

Sjølv tok ho valet om å bli med i livssynssamfunnet då ho konfirmerte seg som 15-åring.

Ho meiner det er naturleg at religion blir ein del av born sine liv, men at det er viktig at ein ikkje tvinger religionen på borna sine.

Ei jente som smilar til kamera.
Maja Solerød, politisk nestleiar i Humanistisk Ungdom, håpar foreldre er flinke til å snakke med borna sine om religion og tru. Foto: Humanetisk Ungdom

– Det bør ikkje skje. Spesielt etter ein har fylt 15, er det opp til det enkelte individet. Dersom borna er yngre enn det må dei framleis få mogelegheita til å tenkje sjølv utan at foreldra tvingar på dei noko dei ikkje ynskjer.

Maja meiner det er ein menneskerett at born under 15 også skal ha religionsfridom, men synest det er grenser for det.

– Ein toåring kan ikkje ta eit aktivt val om trua si, men dei kan jo heller ikkje velje kva dei ynskjer å ha på seg. Det er vanskeleg å seie om dei burde få lov til å vere medlemmar før dei er 15 år, men eg synest at dei burde ta eit aktivt val sjølv. Hadde eg fått eit born så hadde eg ikkje meldt det inn i noko før det var gammalt nok til å velje sjølv.

– Foreldra må lytte til borna

Jan Christian Kielland jobbar som direktør i Den norske kyrkja.

Ein mann i dress som ser inn i kamera.
Jan Christian Kielland i Den norske kyrkja har inntrykk av at born og unge sine ynskjer knytt til religion vektleggjast av foreldre. Foto: Den norske kyrkja

Dei held seg også til at born bør få velje tru når dei er ved religiøs myndigheitsalder på 15 år, men at ein må leggje vekt på kva born meiner frå dei er 12 år.

– Det er ikkje rett å tvinge nokon til å konfirmere seg verken kristeleg, borgarleg eller ein annan stad. 

Han har inntrykk av at born og unge sine ynskjer knytt til religion vektleggjast av foreldre. Kvart år blir om lag tusen personar døypt før konfirmasjon i Den norske kyrkja.

– Det seier noko om at det er mange foreldre som sjølv ikkje har valt at barnet skal døypast, men at barnet vel å konfirmere seg i kyrkja sjølv. Det er eit uttrykk for at foreldra har lytta og teke omsyn til det. Me høyrer også det motsette, at born som er døypt i Den norske kyrkja, vel å konfirmere seg ein annan stad.


Denne saka er ein del av det prosjektet «Ein menneskerett – FNs verdserklæring om menneskerettane 75 år». Prosjektet er gjennomført i samband med Framtida.no med støtte frå Fritt Ord.