Kvifor har Noreg blitt dømt for å ha brote menneskerettar i barnevernet?

Noreg har plikta seg til å følgje menneskerettane. Nokre gonger får dei likevel ikkje til det, og folk utanfor Noreg må seie frå.

I den franske byen Strasbourg ligg Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD). Dei som meiner dei har vorte utsatt for menneskerettsbrot, kan klage inn saka si til denne domstolen, om dei ikkje når fram i domstolane i Noreg. 

Menneskerettsdomsstolen skal passe på at alle land som er med i Europarådet følgjer menneskerettane. Det er alle land i Europa, utanom Russland, Belarus og Kosovo.

Noreg har blitt dømt i fleire saker om barnevernet.

Frå domstolen vart oppretta i 1959 har det vore over 2300 klager mot Noreg. Dei fleste av desse har blitt avvist, med totalt 75 saker som har fått ein dom frå domstolen. 

31 av desse handlar om barnevernet, og Noreg har blitt dømt for brot i 25 av dei.

Krevjande felt

– Dette er eit veldig krevjande felt, med menneskerettar på begge sider. Vi må finne ein måte å balansere rettane til foreldra og barna, sjølv om det er barnas beste som alltid skal vinne fram,seier Hannah Cecilie Brænden.

Hannah Cecilie Brænden arbeider med menneskerettar. Foto: Charlotte Skomsø/NIM

Ho er rådgjevar for Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM).

Barnevernet skal passe på at alle barn i Noreg har det godt og trygt heime. Om foreldre ikkje klarer å passe på barnet sitt kan barnevernet ta over ansvaret for barnet. Noreg er sjeldant dømt for å ha tatt barn frå foreldre. Noreg blir stort sett dømt for å ikkje gjere nok for at barna skal kunne kome heim igjen.

– Barnevernet har eit mål om gjenforeining, og i desse sakene er det kanskje ikkje gjort nok for det, eller for at foreldre og barn kan vere saman sjølv om dei ikkje bur i lag.

Menneskerettsdomsstolen har fleire gonger peika på saker der Noreg ikkje har fått til dette. Nokre av dommane handlar også om at barn vart adopterte, når dei ikkje burde ha blitt det.

Må følgje med

– Dette er saker som handlar retten til familieliv, ein av dei viktigaste rettane, forklarar Hannah.

Mange av desse dommane har kome i løpet av dei siste åra. For å følgje dei opp har Noreg endra lovar og reglar for korleis barnevernet skal oppføre seg.

Dette har blitt gjort for å unngå at det skjer fleire menneskerettsbrot. Hannah håpar at desse endringane vil fungere.

– Så er det vår og alle andre si oppgåve å følgje med vidare, seier ho.