Martine (13) og Tuva (13) får servert varm mat på skulen

I ei undersøking som Framtida Junior sende ut tidlegare i år, ønskte nesten halvparten av elevrådsleiarane på norske barneskular at det skulle bli innført servering av varmmat på skulen.

Nasjonal undersøking om skulemat

Framtida Junior har sendt ut ei undersøking om skulemat til alle elevrådsleiarane på barneskulane i Noreg. Av dei 240 svara vi har fått inn, meiner 46 prosent at gratis varm skulemat bør innførast på alle skular. 18 prosent vil innføre gratis brødmat. 23 prosent ønsker å halde fram som før med at elevane tar med niste sjølv, ifølge undersøkinga.

9 av 10 barneskular i Noreg har ikkje kantine eller matservering, og elevane må ta med niste sjølv, ifølge undersøkinga til Framtida Junior.

LES FAKTALUKK FAKTA

På Lægreid skule i Eidfjord kommune har elevane fått servert eit varmt måltid sidan 2015. For at elevane skal få dette tilbodet, betaler foreldra 390 kroner i månaden. Elevrådet på skulen er med i møte med dei som lagar maten og gir dei tilbakemelding og prøvesmakar.

– Havregraut er topp!

Martine Skår og Tuva Stakseng Ukvitne har akkurat begynt i 8. klasse og synest maten dei får servert er heilt grei. Nokre rettar liker dei betre enn andre.

– Me liker ikkje vegetarburgaren, men ostesmørbrød og havregraut er topp! seier dei.

Det beste med å få varm skulemat, er at dei slepp å ta med seg mat heimanfrå.

– Det er mindre styr om morgonen. I tillegg slepp me brødmat til niste – det er litt einsformig. Med varm skulemat får me meir variasjon enn med niste, seier Martine og Tuva.

Dei synest også det er sosialt at dei sit saman med dei andre klassane på ungdomstrinnet under måltidet og pratar.

Tar med niste viss det er noko dei ikkje liker

Menyen for varmmaten blir laga for fire veker. Vekemenyen blir sendt heim til foreldra og hengt opp i klasseromma. Ein dag i veka får elevane fisk, ein dag får dei vegetarmat og ein dag i veka er det «restedag» for å unngå matsvinn.

Om det er noko Martine og Tuva ikkje liker, tar dei med seg niste den dagen.

– Det er dumt når vi ikkje har sjekka og har gløymt å ta med mat når det er noko vi ikkje liker.

Ein annan ting som kan vere slitsamt, er at dei er ganske mange som et i eit lite lokale.

– Så det blir ofte trongt og kø når alle vil rydde samtidig, seier dei.

Martine og Tuva trur at fleire et mat, og at dei et skikkeleg og næringsrik mat, når dei har varmmat enn når dei har niste.

– Me lærer meir når me et næringsrik mat og kan konsentrere oss betre, meiner dei.

Denne artikkelen er ein del av artikkelserien Unge stemmer som er støtta av Fritt Ord.