– Skulemat kan ha ein effekt på kor godt elevane lærer

Forsking viser at gratis skulelunsj kan knytast til betre kosthald og prestasjonar på skulen.

Tips frå Bodil til skulemat for læring
  • Ein matpakke bør innehalde grovt brød med pålegg som ost, magert kjøtt eller aller helst fisk.
  • Grønsaker og frukt bør også alltid vere med.
  • Eg vil også slå eit slag for skulemjølka. Personleg synes eg at lettmjølk med kakao og utan tilsett sukker er heilt flott, dersom det får elevane til å faktisk drikke mjølk.
LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior sende ut ei undersøking om skulemat til alle elevrådsleiarane på barneskulane i Noreg. 9 av 10 barneskular har ikkje kantine eller matservering, og elevane må ta med niste sjølv, ifølge undersøkinga.

– Funna i undersøkinga stemmer godt med det vi ser i våre studiar av skulemåltidsordningar, seier Bodil Bjørndal. Ho er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet og forskar på skular som har erfaring med gratis skulemat.

– Internasjonal forsking viser at det elevane et på skulen, kan ha ein effekt på kor godt dei lærer og presterer på skulen, fortel ho.

Sterk samanheng mellom mat og prestasjon

– Det er ein sterk samanheng mellom det å ete god og variert mat, og det å prestere optimalt på skulen, seier Bodil.

FORSKAR PÅ SKULEMAT: Bodil Bjørndal underviser også dei som skal bli lærarar.

Men forskarane veit ikkje nok om kva effektane av å innføre eit gratis skulemåltid i Noreg vil vere.

– Sidan dei fleste barn har med seg ein god matpakke, er det ikkje sikkert at kosthaldet vil bli påverka like mykje som i andre land.

Likevel viser studiar at kvaliteten på matpakken varierer.

– Det er ein samanheng mellom utdanning, økonomi og kosthald – og det inkluderer matpakken til barna, seier Bodil.

– Når det blir fleire som har dårleg råd, vil det også auke skilnadene i skulen. Då kan det bli viktigare å ha gode strategiar for å jamne ut desse skilnadene, blant anna ved å innføre gratis skulemat.


Les meir: Byter gjerne ut nista med varmmat på skulen


Typisk norsk med matpakke

Noreg har ein lang tradisjon for nistepakke, og Bodil trur ikkje det er så lett å endre vanane våre. Ho fortel at Sverige og Finland har hatt eit gratis varmt skulemåltid lenge. Dei synest det er veldig rart at vi i Norge og Danmark berre har nistemat.

– Både i Danmark og Norge er det mange skular som prøver ut det å gi elevane eit gratis skulemåltid, men det er ei utfordring at skulane ikkje er bygd med kjøkkenfasilitetar som eignar seg til å lage varme måltid. Det er også ei utfordring å få elevar til å prøve mat dei ikkje trur dei liker, spesielt når det gjeld varme måltid, seier Bodil.

Sjølv om skulane skulle gått over til gratis skulemat, trur ikkje Bodil at brødskiva er trua av utrydding i norske klasserom.

– Eg trur alltid at brødskiva vil vere viktig. Sjølv om det skulle bli eit gratis skulemåltid, vil brød og pålegg vere lettare å innføre samanlikna med varmmat på mange skular.