Byter gjerne ut nista med varmmat på skulen

Vi skal alle lære det same på skulen i Noreg, men vi et ikkje det same til lunsj. Har det noko å seie? Nesten halvparten av elevrådsleiarane på norske barneskular ønsker at det blir innført servering av varmmat på skulen.

Kva meiner partia om skulemat?

Raudt vil ha eit næringsrikt måltid per dag i alle skular, og at frukt og grønt skal innførast igjen.
Sosialistisk venstreparti vil innføre gratis og sunn skulemat.
Arbeidarpartiet vil innføre eit sunt, enkelt skulemåltid i løpet av dagen og gi skulane fridom til å organisere dette sjølve.
Miljøpartiet dei grøne vil gradvis innføre bærekraftig og sunn skulemat.
Senterpartiet vil innføre eit sunt skulemåltid som blir utforma i samarbeid mellom heim, skule og kommunane. Det skal ikkje krevjast eigenandel.
Kristeleg folkeparti vil bruke dei store ressursane på lærarar, i staden for skulemat.
Venstre har ikkje noko om skulemat i partiprogrammet.
Høgre har ikkje noko om skulemat i partiprogrammet.
Framstegspartiet meiner at spørsmål om skulemat må vere opp til den enkelte skule.

LES FAKTALUKK FAKTA

På Leirvik skule møter vi sjuandeklassingane Live Olianne Sumstad Øen (12) og Sunniva Aadland Tappel (13) til lunsj. Live har smør og kvitost på brødskivene, mens Sunniva har peanøttsmør og Nugatti.

– Eg pleier eigentleg å ha med ei frukt eller ei grønsak, men slik blei det ikkje i dag, seier Sunniva.

Ho og Live smør nistepakkane sjølve om morgonen. Men ikkje alle i klassen hugsar niste.

– Viss nokon har gløymt nista si, er det alltid nokon som kan dele av si niste. Lærarane har også ekstra knekkebrød på lur til dei som treng, fortel Live.

Dei to har ikkje tenkt så mykje på korleis det dei et til lunsj påverkar kor godt dei lærer. Men dei merkar at av og til kan dei som ikkje et nista si, gå tom for energi på slutten av dagen.



Fordelar og ulemper med nistepakke

Jentene synest det er heilt greitt med nistepakke, og meiner det er fleire fordelar.

– Det er lettvint med niste. Viss du ikkje rekk å ete i løpet av matpausen, kan du ta med skiva ut i friminuttet. Du kan også ete før lunsj viss du er svolten då, seier Sunniva.

– Men nista blir ofte øydelagt, fordi pålegget sklir av i matboksen, seier Live, og legg til:

– Viss nokon har med eit pålegg som luktar, som makrell i tomat, reagerer dei andre og vil ikkje sitte med deg.

I klasserommet samanliknar dei ofte kva dei har på nista.
– Vi blir litt leie av å ete det same kvar dag, så viss nokon har med for eksempel jordbær, blir mange misunnelege, seier Live.

Foto: CDC / Unsplash

Ønsker seg varmmat

Viss sjuandeklassingane kunne velje, ville dei hatt varmmat på skulen i staden for niste.

– Då ville alle ete det same. Alle kunne tatt akkurat så mykje dei ønskte å ete, så dei som no pleier å ta for mykje niste, slapp å kaste den. Og dei som hadde gløymt maten, slapp å gå svoltne. Ingen ville kommentert på at det lukta rart, og alle ville blitt mette av å ete noko sunt, konkluderer dei.

Har de varmmat på din skule?

Har de varmmat på din skule?

Ja11
Nei80
Av og til28
Svar totalt: 119

 

Nasjonal undersøking om skulemat

 

Framtida Junior har sendt ut ei undersøking om skulemat til alle elevrådsleiarane på barneskulane i Noreg. Av dei 240 svara vi har fått inn, meiner 46 prosent at gratis varm skulemat bør innførast på alle skular. 18 prosent vil innføre gratis brødmat. 23 prosent ønsker å halde fram som før med at elevane tar med niste sjølv, ifølge undersøkinga.

9 av 10 barneskular i Noreg har ikkje kantine eller matservering, og elevane må ta med niste sjølv, ifølge undersøkinga til Framtida Junior.