3000 år gammal pil laga av meteoritt

I Sveits har forskarar stadfesta at ei 3000 år gamal pil er laga av jern frå ein meteoritt.

Pila vart funnen på 1800-talet ved Mörigen i Sveits. Det er ikkje langt frå nedslagsfeltet til den såkalla Twanberg-meteoritten, og forskarane trudde difor at metallet pila var laga av kunne kome frå denne meteoritten, skriv Framtida Junior si søsteravis Framtida.no.

No har det vist seg at metallet er frå ein meteoritt, men ikkje frå Twanberg-meteoritten. Kvar nøyaktig metallet til pila kjem frå er difor framleis eit mysterium.