By i Irland forbyr smarttelefonar for barn

Foreldre i byen Greystones har blitt einige om at barna deira ikkje får smarttelefon før dei begynner på ungdomsskulen.

Foreldre ved åtte barneskular blei einige om forbodet førre månad, skriv The Guardian.

Foreldra vil ikkje gi smarttelefonar til barna heime, og dei får heller ikkje bruke det på skulen. Først når dei er 12 eller 13 år og begynner på ungdomsskulen, får dei smarttelefon.

Sjølv om forbodet er frivillig, er dei fleste i byen einige om å gjennomføre det.

Vil verne barndommen

Ideen kom etter at foreldra var bekymra for at mobiltelefonane auka angst hos barna og gav dei tilgang til innhald meint for vaksne.

Helseministeren i Irland bur nær Greystones. Han anbefaler resten av landet å gjere det same som byen.

– Irland kan vere, og må vere, verdsleiande i å sikre at barn og unge menneske ikkje blir skada av den digitale verda, skreiv han i avisa The Irish Times.

Bør smarttelefonar bli forbode for barn under 12 år?

Bør smarttelefonar bli forbode for barn under 12 år?

Ja4
Nei10
Veit ikkje3
Svar totalt: 17