Korleis vera ein god antirasist?

Ingen barn skal utsetjast for rasisme. Men kva kan du gjera om du opplever rasisme sjølv eller om ein ven eller andre opplever det?

Kor mange opplev rasisme?
  • 39 % av innvandrarar og 47% blant norskfødde med innvandrarbakgrunn fortel om at dei har opplevd diskriminering i løpet av 2020.
  • 25,6 % av ungdommar der ein eller begge foreldre er fødde i eit anna land enn Noreg, fortel om at dei har opplevd rasisme, diskriminering eller urettferdig behandling på ungdomsskulen.
  • 95% av samisk ungdom har opplevd hets mot samisk kultur eller mot dei sjølv.
  • 50% av utenlandsadopterte har opplevd forskjellsbehandling på grunn av sin adoptivbakgrunn eller utsjånad.

(Kjelde: Redd Barna)

LES FAKTALUKK FAKTA

At ingen skal oppleva rasisme står klart og tydeleg i barnekonvensjonen. Der står det er alle barn har dei same rettane til eit liv utan forskjellsbehandling og utan omsyn til mellom anna hudfarge, opphav, kjønnsidentitet, språk, religion, funksjonshemning eller meiningar.

Men kva ER rasisme?

Rasisme er når nokon blir diskriminert eller behandla annleis ut frå kvar dei kjem frå, kva dei trur på, kulturen deira eller hudfargen deira.

Rasisme er òg tanken om at nokon er mindre verd og blir dømde basert på kva gruppe dei kjem frå eller kor dei kjem frå. Eller det kan handla om eigenskapar ein ikkje kan forandra, som hudfarge.

Mange måtar å vera rasistisk på

Rasisme kan ta mange ulike former. Det kan vera alt frå fordommar, hatefulle ytringar, trakassering, vald og utestenging. Det kan til og med føra til drap.

Rasisme kan vera hendingar i kvardagen, noko nokon seier eller gjer, men det kan vera fordomsfulle haldningar i samfunnet som kan føra til at det blir vanskelegare for nokon å finna ein stad å bu, eller å få ein jobb.

Redd Barna har gode tips til deg om korleis du kan vera ein god antirastist:

  • Vêr bevisst på ord som du og andre brukar.
  • Still spørsmålet: Kan dette ordet eller denne handlinga vera rasistisk og såra andre?
  • Tør å vera ein god ven. Det betyr enormt mykje at du seier ifrå til ein vaksen dersom du ser at andre vert behandla dårleg.
  • Ver den som seier «nei, dette er ikkje greitt», og tør å vera den som reagerer på den litt dårlege spøken som faktisk var rasistisk.
  • Ved å vera oppmerksam og seia ifrå, kan du bidra til å endra haldningar, førebygga og kjempa mot rasisme.
  • Du må tora å seia ifrå om du er vitne til ei rasistisk hending, at nokon seier noko rasistisk, eller at nokon blir utestengde.

(Kjelde: Redd Barna)